Logo

Os & Kuventræ skulekorps

www.osogkuventrae.no

Heim
Medlemmer
Korpsa
Dirigentar
Leiarar
Kalender
Resultat
Lenker
Fotogalleri
   
NMF Hordaland

Kuventræ skule

Os skule

Os Musikkforening
Os Musikkforening

Hans Majestet Kongens Garde
Hans Majestet
Kongens Garde

Tilbake

OS & KUVENTRÆ SKULEKORPS BLANT DEI BESTE PÅ HORDABLÆSTEN I GRIEGHALLEN

Laurdag 10. mars gjekk den store skulekorpskonkurransen i Hordaland, Hordablæsten av stabelen.  Dette er den største skulekorpsmønstringa på Vestlandet, med nesten 1700 deltakande musikantar.  Os & Kuventræ Skulekorps hevda seg med 2. plass i 2. divisjon janitsjar. Ullensvang skulekorps vann to poeng framfor Os & Kuventræ.  Dirigent Gry Padsen fortel at korpset klarte seg veldig bra, her var litt smårusk men mykje godt spel, og plasseringa vart som ho hadde venta.  Dei framførte 4 vanskelege stykke, men såpass godt at ho vurderer å nytta eit par av dei på sommarens NM-konkurranse, der korpset også er påmeld.

SOLISTPRIS TIL SILJE REBEKKA SØFTELAND
Silje Rebekka Søfteland var ein av 5 deltakarar frå Os & Kuventræ Skulekorps som deltok i solistkonkurransane. Silje Rebekka deltok i klasse 3, musikantar fødd 1991. Dette var ein tøff klasse, med mange dyktige ungdommar på ulike instrument.  Silje Rebekka tok andreplassen med flott kornettspel akkompagnert av Anne Leni Søfteland Sæbø, og Silje Rebekka fekk ein flott pokal overrekt på Festkonserten.

ASPIRANTSEMINAR PÅ HORDABLÆSTEN
Alle aspirantane og juniorane til Os & Kuventræ var med på eit flott seminar på Hordablæsten. Dei hadde alle vore på seminar tidleg på dagen, og fekk saman med Radøy Brass framført kva dei hadde lært denne på festkonserten om kvelden. Alle aspirantar og juniorar hadde det riktig moro, og høgdepunktet var sjølvsagt framføringa til ein fullsett Greighall.  Til saman 230 aspirantar/juniorar sto på scena. Vèl er Greighallen stor, men det vart likevel trongt om plassen på scena. Publikum syntes det vart ei tøff framføring.

 

 

webred

 

Os & Kuventræ skulekorps - Postboks 290 - 5203 Os - Org. 983 629 229 - Konto 5270.20.18803