Os skulekorps hadde eksistert
i mange år før det kom skule på Kuventræ.
Ja, vi må så langt tilbake som til 1959
for å finne stiftingsdatoen. Gjennom mange år,
leia dirigenten Ivar Tvedt korpset, frå starten og fleire
tiår frametter. På sitt meste talde
korpset over 90 musikantar, og dei vann stort sett det
dei var med på av festivalar og konkurransar.
Kuventræ skulekorps vart
starta same året som Kuventræ skule kom
i drift i 1979. Det var Lars Skorpen som starta korpset,
og som var dirigent i mange år. Geir Mildestveit
overtok roret etter ca 10 år, og i dag nyter korpset
godt av hans kunnskapar i reparasjonar av instrument. Opp gjennom åra var også
dette eit stort og flott korps, med ungar lokalt frå
skulekrinsen. Men etter kvart vart også her rekrutteringa
eit problem, og korpset skrumpa inn.
Os og Kuventræ slo difor
saman dei to korpsa sine i 1994, og fekk i alle fall
nok musikantar til å halde fram. Etter fleire
år, la korpset om måten å rekruttera
unge musikantar, og dei siste 4-5 åra har tilstrøyminga
vore veldig god. Musikantane kjem
frå fleire krinsar i Os, som Os, Kuventræ,
Søfteland, Lysekloster, Søre Neset, Halhjem,
Nore Neset og Hegglandsdalen.
I tillegg til øvingar i korpsa, deltar barna
også på eigne øvingar på Musikk-
og kulturskulen i Os, der dei har spesialundervisning
på sitt eige instrument.
Opptak av nye aspirantar skjer
hovudsakleg på hausten, med informasjon til skulane
på vårparten skuleåret før.
Vanlegvis er det 3. og 4. klassingane som får
tilbod om å starte, men det er ingenting i vegen
for at eldre barn kan byrja, unntaksvis yngre. Berre når
ein har passert 19 år er det for seint for skulekorps.
Til øvingane er vi så
heldige å få låne musikkrommet på
pluss eit stort klasserom kvar onsdag på Kuventræ
skule, og korpset disponerer også eit eige rom
til lagring av instrument og utstyr. Vi er særs
glad for at Kuventræ skule alltid har tatt godt
vare på korpset sitt, og vi trivst i dei fine
lokala, og med det gode samarbeidet med skulen. Men
fordi korpset har lagt fort på seg dei siste åra,
har vi i det siste støtt på det problemet
at musikkrommet er i ferd med å verta for lite.
Gode løysingar er vi difor lydhøyre for.
-styret-